Kjære Hardanger Trening Medlemmer,

Først av alt; Me saknar deko ALLE veldig!

Alle landets treningssenter er fortsatt pålagde å halda stengt. Dette er eit av mange tiltak myndigheitene har bestemt for å hindra smitte og spreiing av Covid-19.

Kva skjer? 15 april sendte forbundet vårt, VIRKE TRENING, utkast til bransjestandard for treningssentra til helsemyndigheten. Me ventar no i spaning på avklaring og svar frå helseministeren. Me forbereder oss, har fokus på smittervern, så me alle skal vera klare til å settje igang så snart me får lov til å opne att. Det er viktig med gode smitteforebyggjande rutinar for både senteret, tilsette og medlemmer. Me sender sms og oppdaterer evt ny informasjon fortløpande her på sida.

TUSEN TAKK igjen for all støtta me har fått og får frå deko kjære medlemmer. Me er og stolte og takksame for våre flotte tilsette som er med på dugnad og tar nye utfordringar på strak arm. Tusen takk for personlige helsingar og tusen takk for at så mange ynskjer å vera med å bidra til at me kan koma oss gjennom denne situasjonen. DE er berre BEST! Alle som støttar oss vil også få tilbod om å få tilbake treningsperioden me har måtta halde stengt. Me vil gjerne fortsatt gi deg fleire alternativ mht til medlemskapet ditt:

1. Du lar fortsatt medlemskapet gå som vanlig… Som takk til alle våre medlemmer som har anledning til å støtta oss, vil me svært gjerne få gi noko tilbake… T-SKJORTE med hjarte helsing eller GÅVEKORT på 1 månad gratis trening til ein venn.

ALLE som støttar oss vil også få tilbod om å få tilbake treningsperioden me har måtta halde stengt

Eller du kan

2. Frysa medlemskapet ditt……    (send ynskje om frys på epost til post@hardangertrening.no) Medlemskapet ditt vert frose og du vert ikkje belasta for medlemsavgifta tilsvarande perioden me held stengt

Vel du frysing send epost innan fredag 1 mai kl 16.00.                                                 Dersom du ikkje gjer noko, så vil medlemskapet gå som normalt.

Me gler oss til å opna dørane igjen! I mellomtida, følg gjerne med på FB hovedsida vår, og bli gjerne med LIVE sendingar via FB gruppa; «Hardanger Trening Direkte heim i stova» Følg også med på nettsidene våre og di eiga medlemsside for treningsglede, treningsvideoar og informasjon.

 Ta vare på deg og dei rundt deg, aktivitet og gode treningsøkter er den beste medisinen for helsa. Betre form, betre helse, betre kvardag!

Mange treningsglade helsingar frå alle oss på Hardanger Trening

HEIA OSS! mvh Eve Nelson Aksnes, senterleiar

Dette er ein motivasjonskampanje for MEDLEMMER og TILSETTE på Hardanger Trening. For å delta: 1. Last ned appen Trimpoeng (ibooking). 2. Registrer deg i appen. 3. Legg inn konkurransekoden du får frå oss/Hardanger Trening på sms. Målet for kampanjen er å motivere DEG til å halde på gode treningsrutinar. Betre for, betre helse, betre kvardag! Motivasjonskampanjen varar frå 20 mars tom 31 mai, alle som samlar 100 poeng er med i trekninga av eit lokalt gåvekort på MXSport Øystese Verdi kr 2000.-