Kjære Hardanger Trening medlem,

Hjarteleg takk til alle de som har hatt moglegheit til det å ikkje seie opp eller fryse medlemskapet. Me er veldig takksame for alle heiarop og støtta denne tida. Det betyr mykje, gjer inntrykk og gler oss veldig at så mange av dykk ynskjer å vera med å bidra til at me kjem oss ut av denne krisa.

Me gjer alt me kan for å sørga for vidare drift sånn at du har eit godt tilbod frametter. Me vil så gjerne fortsette med å dele treningsglede og treningskompetanse, dele inspirasjon og ha det største og beste utvalet i treningstilbod og treningsutstyr til deg.

Mange treningsglade gode helsingar frå alle oss på Hardanger Trening!

HEIA OSS!                                                                                         

Mvh senterleiar Eve N. Aksnes

Me vil gjerne gi deg ulike valg mht medlemskapet ditt:

  1. Fortsett! Inkludert utandørs gruppetrening, direktesende gruppetimar, gåvekort på 1 mnd medlemskap til ein ven og ei unik T-skjorte med hjartehelsing på.
  • Frys! Betalingsfri periode fram til senteret opnar. Send e-post, gjerne så snart du kan og innan 1 juni til: post@hardangertrening.no

Me håpar desse vala imøtekjem ALLE våre medlemmer.

Vanlege spørsmål og svar:

  • Eg har lyst til å støtta Hardanger Trening. Kva kan eg bidra med? Det aller best du kan gjera for Hardanger Trening (eller dersom du er medlem hos ein konkurrent) er å ikkje seie opp medlemskapet ditt. Me lovar å gjere alt me kan for å ivareta deg og dine interesser, samtidig som me gler det me kan for å sikra vidare drift.
  • Kva skjer med dei tilsette? Hardanger Trening har som mål at alle arbeidsplassar skal bevarast og fortsette når denne perioden er over. Permitteringar er gjort for å sikra dette, samtidig som me skal kunna møta våre egne løypande betalingsforpliktingar.
  • Viss betalinga går som normalt og tilsette vert permittert, vil ikkje treningssentera tene penger på å stengja? Treningssenteret opplevde med ein gong ei betydeleg omsetningssvikt grunna mellom anna mange oppseiingar og stans i inntekt frå tilleggstenester. Det er derfor nødvendig for vidare drift og eksistens at me freistar å redusera utmeldingar. Alle Hardanger Trening medlemmer vil verta kompenserte for tida våre senter har vore stengde.
  • Eg har allereie sagt opp, men vil benytta meg av alternativ 1 eller 2. Kan eg det? Ja, send e-post til post@hardangertrening.no og be om å avbryta oppseiinga. Då kan du fritt velje mellom alternativ 1 eller 2.
  • Tilbyr Hardanger Trening noko form for treningstilbod i perioden de held stengt? JA! Me tilbyr eit utval av gruppetreningstimar utandørs, sjå her for meir informasjon; https://hardangertrening.no/kom-tren-med-oss/ , gruppetreningstimar over nett som du kan fylgje online (heimatrening) og ein TRIMPOENG konkurranse. Me vil tilpassa timetilbodet så godt me kan. Sjå gjerne timeplan på nettsidene våre for meir informasjon: https://hardangertrening.no/timeplan/#top
Frå og med torsdag 7 mai kan me trene saman ute.

No tilbyr me gruppetrening utandørs for alle våre medlemmer.

Følg gjerne med på timeplanen, den vil kunna verta endra ut frå været og bemanningssituasjonen….

Trening i gruppe ute eller direktesendinger er inkludert i medlemskapet til alle Hardanger Trening medlemmer. Dersom du har frose medlemskapet ditt, kan du sende e-post til post@hardangertrening.no for å opna medlemskapet ditt, slik at du kan delta på gruppetrening ute eller direktesendinger.

Viktig informasjon:

  • Tilbudet er inkludert for alle våre medlemmer (som ikkje har frose medlemskapet sitt)
  • Oppmøte utanfor Hardanger Trening Norheimsund
  • Ta med egen treningsmatte, handkle eller sitjeunderlag.
  • Ta med egne hanskar
  • Parker gjerne andre stader enn rett utanfor inngangen til senteret (for å kunne halde avstand)
  • Du kan ikkje delta dersom du har hatt symptom på sjukdom, eller har vore i kontakt med ein smitta person, eller om du er i karantene.

Me vil gjere vårt beste for å fortløpande tilpasse timetilbodet.

I dag fekk med beskjeden frå helsemyndighetene om at me ikkje får åpne for trening inne før mandag 15 juni. Me er alle skuffa over dette, me gjer jo alt me kan for å imøtekomme og unngå smittespreiing. Eit lyspunkt er det ihvertfall at me no får ha gruppetimar ilag ute. Me håpar mange vil vera med oss på trening ute dei neste vekene.

Timeplan for direktesendingar og gruppetrening ute ligg på nettsidene våre.

Trykk på linken for timeplan: https://hardangertrening.no/timeplan/

Me gler oss veldig til å sjå deko og trene saman att!