Betre form, betre helse og betre kvardag!

Kjære Hardanger Trening medlem. Det er utruleg kjekt å få ynskje deg VELKOMEN TILBAKE!

Som alle veit er me fortsatt midt i ein viktig felles dugnad for å hindre smitte. Derfor lyt me også foreløpig forholde oss litt annarleis enn det me kanskje har vore vane med. Det kjekke er at me får trene saman også INNE på senteret!

MERK! Følg med på nettsida vår for evt endringar: www.hardangertrening.no

Treng du motivasjon?

Ynskjer du litt ekstra motivasjon for å kome i gang på senteret? Vil du ha time til treningsrettleiing, time med PT eller fysioterapeut, eller du vil snakke med ein av oss? Send e-post til medlem-service; post@hardangertrening eller ring Eve på tlf 957 31 344 så finn me eit tidspunkt som høver.

Timeplan for gruppetimar finn du her: https://hardangertrening.no/timeplan/#top

Bransjestandard for smittervern – utarbeida i samsvar med forbundet vårt VIRKE TRENING og helsemyndighetene og gjeld for alle treningssenter. Rutinar vil verta tilpassa fortløpande i henhold til ein kvar tid gjeldande føringar frå helsemyndighetene.

Tiltak for å forebygge smitte ved bruk av treningssenteret:

  • Om du har symptom på COVID-19 skal du ikkje væra på på treningssenteret
  • Du skal alltid registrere deg ved ankomst på senteret (kortlesar ved inngangen)
  • Vask hendene før du går inn/ut av senteret (bruk vasken i garderobe eller på toaletta)
  • Vask apparater, håndtak, matter og anna utstyr etter bruk
  • Bruk T-skjorte på trening. Kom på senteret i reine treningkle og ha med skobyte (reine sko du skal bruke inne på trening)
  • Hold minst 1m avstand – Ingen fysisk berøring med andre

Smittevernstiltak på gruppetimar;

  • Kondisjonsøkter 2 m avstand. Døme på antall INNE, max 15 personar på spinning og HIIT timar, max 20 personar på BODYPUMP og BODYBALANCE timar. UTE kan me vera 50 stk på timen.
  • Ha med eget handkle og/eller matte til alle gruppetimar
  • Det er lagt inn ekstra tid mellom gruppetimane for å redusere mengden personar som skal inn/ut samtidig og for å gi tid til reinhald av utstyr
  • Fleire av gruppetimane vil fortsatt haldast UTE dersom det været tillater
  • Me postar på FB dagen før, dersom timen skal kjørast UTE
  • Vert det behov, innfører me midlertidig påmelding til timane. Følg med på FB
ME GLER OSS TIL Å SJÅ DEG!

INFORMASJONEN SIST OPPDATERT 02.07.2020 kl 09.45