Kjære Hardanger Trening medlem,

Me er no i full drift og har på plass våre ordinære romslege opningstider. Det er utruleg kjekt å vera i gang att og  få ynskje deg velkomen på trening. Håper du har savna oss lika mykje som me har savna deg.

Tusen hjarteleg takk til ALLE våre medlemmer og ein spesiell takk til deg som også har hatt anledning til å la trekka gå heile perioden me har vore stengt. Det har betydd mykje no i denne situasjonen me har vore, og framleis er i. De har verkeleg hjelpt oss med å halde motet oppe, hjula i gang og treningssenteret med arbeidsplassar intakt. 3 gonger HURRA for våre fantastiske medlemmer!

Me lova deg som støtta oss heile perioden me var stengt ulike alternativ:

1. Gavekort på 1 mnd trening til en venn

2. Få tilbake perioden

3. La trekka gå som vanlig (Du får ei takk for støtta gåve frå oss)

Send alternativet ditt til vår fantastiske medlem-service: post@hardangertrening.no innan 31.08.2020

Alternativ 1. Gavekort til en ven: Send navn, tlf, fødselsdato på venen din til oss. Merk med: Gavekort til ven fra HT 2020 (Nyttast innan mars 2021)

Alternativ 2. Få tilbake perioden: Send e-post til medlem-service om at du vil benytte deg av Alternativ 2 og du får då ½ pris på medlemskapet ditt i 6 mnd (April tom september 2021) 

Kvifor ½ pris i 6 mnd, april tom sept 2021? Me foreslår ei slik løysning for å sikra økonomien til senteret slik at me kan oppretthalda best mogleg drift og alle dei gode treningstilboda til deg som medlem. Me fekk støtte frå staten til nødvendige faste driftsutgifter. Inntektstapet lyt me bæra sjølve. Dette er ein nasjonal dugnad der Hardanger Trening sjølsagt tar sin del av jobben også inntektstapet det medfører. Det vil no truleg ta ei stund før me kjem tilbake der me var før pandemien. Men saman skal me klare det. HEIA OSS!

Alternativ 3. La trekka gå som vanleg: Du treng ikkje gjere noko…… Men tykkjer du det er kjekt, så vil me gjerne få gi deg ei TAKK for STØTTA Hardanger Trening T-skjorte med påtrykt hjarta som på bildet under. Send oss då gjerne ein e-post med alternativ 3 og str du vil ha på T-skjorta. Du får sjølsagt sms frå oss når den er klar.

Me vonar eit av våre 3 alternativ høver for deg. HUSK å sende alternativet ditt innan 31.08.2020 til: post@hardangertrening.no

På vegne av oss alle vil eg få ynskje deg ein flott og aktiv sommar. Velkomen på trening!

Mange treningsglade gode helsingar senterleiar Eve N. Aksnes