Kjære Hardanger Trening medlem,

Me er no i full drift og har på plass våre ordinære romslege opningstider. Det er utruleg kjekt å vera i gang att og  få ynskje deg velkomen på trening. Håper du har savna oss lika mykje som me har savna deg.

Tusen hjarteleg takk til ALLE våre medlemmer og ein spesiell takk til deg som også har hatt anledning til å la trekka gå heile perioden me har vore stengt. Det har betydd mykje no i denne situasjonen me har vore, og framleis er i. De har verkeleg hjelpt oss med å halde motet oppe, hjula i gang og treningssenteret med arbeidsplassar intakt. 3 gonger HURRA for våre fantastiske medlemmer!

Me lova deg som støtta oss heile perioden me var stengt ulike alternativ:

1. Gavekort på 1 mnd trening til en venn

2. Få tilbake perioden

3. La trekka gå som vanlig (Du får ei takk for støtta gåve frå oss)

Send alternativet ditt til vår fantastiske medlem-service: post@hardangertrening.no innan 31.08.2020

Alternativ 1. Gavekort til en ven: Send navn, tlf, fødselsdato på venen din til oss. Merk med: Gavekort til ven fra HT 2020 (Nyttast innan mars 2021)

Alternativ 2. Få tilbake perioden: Send e-post til medlem-service om at du vil benytte deg av Alternativ 2 og du får då ½ pris på medlemskapet ditt i 6 mnd (April tom september 2021) 

Kvifor ½ pris i 6 mnd, april tom sept 2021? Me foreslår ei slik løysning for å sikra økonomien til senteret slik at me kan oppretthalda best mogleg drift og alle dei gode treningstilboda til deg som medlem. Me fekk støtte frå staten til nødvendige faste driftsutgifter. Inntektstapet lyt me bæra sjølve. Dette er ein nasjonal dugnad der Hardanger Trening sjølsagt tar sin del av jobben også inntektstapet det medfører. Det vil no truleg ta ei stund før me kjem tilbake der me var før pandemien. Men saman skal me klare det. HEIA OSS!

Alternativ 3. La trekka gå som vanleg: Du treng ikkje gjere noko…… Men tykkjer du det er kjekt, så vil me gjerne få gi deg ei TAKK for STØTTA Hardanger Trening T-skjorte med påtrykt hjarta som på bildet under. Send oss då gjerne ein e-post med alternativ 3 og str du vil ha på T-skjorta. Du får sjølsagt sms frå oss når den er klar.

Me vonar eit av våre 3 alternativ høver for deg. HUSK å sende alternativet ditt innan 31.08.2020 til: post@hardangertrening.no

På vegne av oss alle vil eg få ynskje deg ein flott og aktiv sommar. Velkomen på trening!

Mange treningsglade gode helsingar senterleiar Eve N. Aksnes

Betre form, betre helse og betre kvardag!

Kjære Hardanger Trening medlem. Det er utruleg kjekt å få ynskje deg VELKOMEN TILBAKE!

Som alle veit er me fortsatt midt i ein viktig felles dugnad for å hindre smitte. Derfor lyt me også foreløpig forholde oss litt annarleis enn det me kanskje har vore vane med. Det kjekke er at me får trene saman også INNE på senteret!

MERK! Følg med på nettsida vår for evt endringar: www.hardangertrening.no

Treng du motivasjon?

Ynskjer du litt ekstra motivasjon for å kome i gang på senteret? Vil du ha time til treningsrettleiing, time med PT eller fysioterapeut, eller du vil snakke med ein av oss? Send e-post til medlem-service; post@hardangertrening eller ring Eve på tlf 957 31 344 så finn me eit tidspunkt som høver.

Timeplan for gruppetimar finn du her: https://hardangertrening.no/timeplan/#top

Bransjestandard for smittervern – utarbeida i samsvar med forbundet vårt VIRKE TRENING og helsemyndighetene og gjeld for alle treningssenter. Rutinar vil verta tilpassa fortløpande i henhold til ein kvar tid gjeldande føringar frå helsemyndighetene.

Tiltak for å forebygge smitte ved bruk av treningssenteret:

  • Om du har symptom på COVID-19 skal du ikkje væra på på treningssenteret
  • Du skal alltid registrere deg ved ankomst på senteret (kortlesar ved inngangen)
  • Vask hendene før du går inn/ut av senteret (bruk vasken i garderobe eller på toaletta)
  • Vask apparater, håndtak, matter og anna utstyr etter bruk
  • Bruk T-skjorte på trening. Kom på senteret i reine treningkle og ha med skobyte (reine sko du skal bruke inne på trening)
  • Hold minst 1m avstand – Ingen fysisk berøring med andre

Smittevernstiltak på gruppetimar;

  • Kondisjonsøkter 2 m avstand. Døme på antall INNE, max 15 personar på spinning og HIIT timar, max 20 personar på BODYPUMP og BODYBALANCE timar. UTE kan me vera 50 stk på timen.
  • Ha med eget handkle og/eller matte til alle gruppetimar
  • Det er lagt inn ekstra tid mellom gruppetimane for å redusere mengden personar som skal inn/ut samtidig og for å gi tid til reinhald av utstyr
  • Fleire av gruppetimane vil fortsatt haldast UTE dersom det været tillater
  • Me postar på FB dagen før, dersom timen skal kjørast UTE
  • Vert det behov, innfører me midlertidig påmelding til timane. Følg med på FB
ME GLER OSS TIL Å SJÅ DEG!

INFORMASJONEN SIST OPPDATERT 02.07.2020 kl 09.45

Kva er trygg oppstart?

Velkomst samtale, spesielt for deg som er heilt ny på Hardanger Trening

Les mer

Som medlem på Hardanger Trening har du tilgang til DI SIDE.

Her er link til Di Side som medlem på Hardanger Trening. Be om passord første gong du loggar deg inn. Trykk på linken for å logge deg inn:  https://hardangertrening.ibooking.no/minside

Der kan du:

  • Opprette avtalegiro
  • Er du nytt medlem, kan du aktivere medlemskortet ditt her (Du henter kort på ESSOEN i NHS eller MXSport i Øystese) (knappen endringar)
  • Du kan sjå om dine betalingar er registrerte
  • Du har oversikt over når og kor mange gonger du har trent
  • Du kan godkjenne kommunikasjon med oss via sms og epost, på denne måten er du oppdatert på kva som skjer og du får sms om du har vunne noko i ein kampanje eller likande. (knappen endringar)
  • Endre adresse

Er du nytt medlem og vil aktivere medlemskortet ditt, loggar du deg inn og trykker på ENDRING oppe til høgre på DI SIDE, deretter skriv du inn nummerserien du finn bak på kortet eller på armbåndet.

  • Dersom du har mista kortet ditt, henter du nytt og sender nummerserien bakpå kortet til:  post@hardangertrening.no   (betaling for kortet kr 100 vert lagt til på neste trekk)
  • BRUK ALLTID MEDLEMSKORTET DITT TIL Å REGISTRERE DEG VED ANKOMST

Hardanger Trening har avtale med fleire samarbeidspartnarar, som gjev deg som medlem på treningssenteret gode medlemsfordeler.

For alle avtalar må du: Syna treningskortet ditt når du handlar!

Er du medlem på treningssenteret får du rabatt hjå følgjande samarbeidspartar:

Les mer

Reglar og retningliner for bruk av NØKKELKORT på avd i Øystese og Norheimsund

Nøkkelkort – gir deg som er medlem adgang til senteret også i ubemanna periodar. Er du medlem og har nøkkelkort, kan du trene mellom 06:00 og 23:00 ALLE dagar i året på avdelinga vår i Norheimsund, På avdelinga i Øystese er det samme opningstider som Hardanger Senteret.

Les mer

Hardanger Trening har inngått ein avtale om reint senter med Antidoping Norge fordi me ønskje eit reint, sunt og helsefremjande treningsmiljø på vårt treningssenter.

Me tolererer difor ikkje bruk av dopingmidlar blant våre medlemmer.

Les mer

Signer for avtalegiro her:

Les mer