Frå og med torsdag 7 mai kan me trene saman ute.

No tilbyr me gruppetrening utandørs for alle våre medlemmer.

Følg gjerne med på timeplanen, den vil kunna verta endra ut frå været og bemanningssituasjonen….

Trening i gruppe ute eller direktesendinger er inkludert i medlemskapet til alle Hardanger Trening medlemmer. Dersom du har frose medlemskapet ditt, kan du sende e-post til post@hardangertrening.no for å opna medlemskapet ditt, slik at du kan delta på gruppetrening ute eller direktesendinger.

Viktig informasjon:

  • Tilbudet er inkludert for alle våre medlemmer (som ikkje har frose medlemskapet sitt)
  • Oppmøte utanfor Hardanger Trening Norheimsund
  • Ta med egen treningsmatte, handkle eller sitjeunderlag.
  • Ta med egne hanskar
  • Parker gjerne andre stader enn rett utanfor inngangen til senteret (for å kunne halde avstand)
  • Du kan ikkje delta dersom du har hatt symptom på sjukdom, eller har vore i kontakt med ein smitta person, eller om du er i karantene.

Me vil gjere vårt beste for å fortløpande tilpasse timetilbodet.

I dag fekk med beskjeden frå helsemyndighetene om at me ikkje får åpne for trening inne før mandag 15 juni. Me er alle skuffa over dette, me gjer jo alt me kan for å imøtekomme og unngå smittespreiing. Eit lyspunkt er det ihvertfall at me no får ha gruppetimar ilag ute. Me håpar mange vil vera med oss på trening ute dei neste vekene.

Timeplan for direktesendingar og gruppetrening ute ligg på nettsidene våre.

Trykk på linken for timeplan: https://hardangertrening.no/timeplan/

Me gler oss veldig til å sjå deko og trene saman att!

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *