Hardanger Trening har midlertidig stengt til og med 13.04.

Me held stengt etter pålegg frå helsemyndigheitene. Tirsdag 24 mars vart pålegg om stenging forlenga til og med 13 april. Me støttar regjeringa si avgjersle og me vil vera med å gjere det me kan for å motvirka spreiing av covid-19.

Kva betyr dette for deg som er medlem på Hardanger Trening ?

  • Begge senter er midlertidig stengt til og med mandag 13. april.
  • Ditt medlemskap vert automatisk satt på «vent» i denne perioden. Det betyr at du som medlem ikkje treng å gjera noko noko aktivt mht å stoppa/sletta krav som er sendt til forfall.
  • Krav med forfall i mars og april vil verta gjennomført som normalt, men du som medlem vil få 1 mnd trening til gode ( 2 veker stengt i mars + 2 veker stengt i april).
  • Treningsperioden, 1 mnd vil no verta lagt til gode på slutten av din medlems-periode. (Alternativt dersom det let seg gjere, vil me i etterkant freista å gje reduksjon i prisen fordelt over fleire trekk. Kort sagt, me vil gjere det me kan for å kompensere for dagane me må halde stengt. )
  • Dersom du ynskjer eller treng å fryse medlemskapet ditt ein månad, send epost innan 1 april til medlems-service; post@hardangertrening.no

Vanlige spørsmål

Når kan eg trena igjen?
Svar: Me held stengt til og med 13 april. Me vil halda deg oppdatert undervegs her på denne sida.

Kva skjer no når myndighetene har pålagt Hardanger Trening  å holde stengt etter denne 26.03
Me står fortsatt i ein krevjande situasjon kor me freistar ivareta arbeidsplassen til våre tilsette (90% per i dag er permitterte), sørga for å kunna gje deg som medlem eit komplett treningstilbod og sørga for at du som medlem får kompensasjon for den tida vedtak om stenging føreligg.

Eg har lyst til å støtta Hardanger Trening/treningssenterbransjen. Kva kan eg bidra med?
Det aller beste du kan gjera for Hardanger Trening (eller dersom du er medlem hos ein konkurrent) er å ikkje seie opp medlemskapet ditt. Me lovar at me vil gjere alt me kan for å ivareta deg og dine interesser, samtidig som me gjer det me kan for å sikra videre drift.

Kva skjer med dei tilsette?
Hardanger Trening sitt mål er at alle arbeidsplassar skal bevarast og fortsetja når denne perioden er over. Permitteringane er gjort for å sikra dette, samtidig som me skal kunna møta våre eigne løpande betalingsforpliktelsar.  

Vil Hardanger Trening gje noko form for treningstilbud i perioden de held stengt? JA , me tilbyr eit utval av gruppetreningstimar som du kan trene til heime. Videoane finn du på dine medlemssider; https://hardangertrening.ibooking.no/minside/ Utvalet aukar etter kvart og i takt med medlemmene sine ynskje.

I tillegg til egne treningsvideoar, tilbyr me Trimpoengkonkurranse; Berre gjer da!  der du kan vera med i trekninga om å vinne eit gåvekort kjøpt lokalt på MXport Øystese.

NYTT! frå og med mandag 30 mars vil me tilby live streaming av gruppetime. Følg med på FB for informasjon om tidspunkt og innhald.
 

Kjære Hardanger Trening medlemmer, me set stor pris på engasjementet og støtteerklæringane. Det varmar og gjer oss ekstra tru på at me saman skal klare oss over denne kneiken. Me gler oss til å opne dørene og trene ilag att. Tusen takk for at de støttar oss.    

Informasjonen på denne sida er sist oppdatert 26.03.2020 kl 12:45

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *