Meny

Me har spurt Anette 5 spørsmål:

Kva er ditt forhold til trening? Eg har drive med trening/idrett sidan eg var 3 år. Turn frå 3 – 13 år, så var det fotball til eg var 16 og volleyball fram til eg var 20, då byrja med styrketrening.

Kva gjer trening for deg? Trening betyr mykje! Trening gjer meg overskot og helse til å halde på med alt eg likar. Eg har ein flott familie, eit fysisk krevjande yrke offshore som prosessoperatør, samt mange interesser og hobbyar. Eg likar friluftsliv, fjellturar, padling, eg er også glad i handverk, matlaging og eg er glad i dyr. Eg har hatt egen hest i 7 år. Ein kan vel seie at eg er generelt er glad i aktivitet!

Kvifor jobbar du på Hardanger Trening? Eg er veldig glad i trening og effekten trening gir meg, Eg tykkjer også det er veldig kjekt når eg kan inspirere fleire til å vera i aktivitet. Eg likar å organisere og å få ting til for andre og saman med andre. Eg brenn litt ekstra for trening med meining, som å arrangere til inntekt for gode formål t.d ROSA SLØYFE løpet her lokalt. Eg tykkjer også det er veldig kjekt å vera ein del av Team Hardanger Trening med supre og dyktige instruktørar, dele treningsglede saman i teamet og ikkje minst dele treningsglede med alle våre flotte medlemmer. God helse er viktig og eg vil gjerne vera med å motivere fleire til aktivitet for å få betre helse.

Kva oppgåver har du på Hardanger Trening? Eg har etter kvart fått mange ulike oppgåver. Eg er treningsrettleiar og eg instruerer ulike gruppetimar, sykkel, styrke, dans, høgpuls og step. Frå før eg byrja på Hardanger Trening hadde eg kurs i cross-training og spinning, i tillegg er eg no sertifisert instruktør i BODYPUMP, RPM (SYKKEL) og CORE. Eg er også no godt i gang med PT – personleg trenar utdanning, så allerede i mars byrjar eg med PT timar. Frå og med i år er eg også assisterande senterleiar og med i leiarteamet på Hardanger Trening. Andre oppgåver er service og vedlikehald av treningsustyr og ikkje minst å arrangere aktivitetar på senteret. Tykkjer det er spennande med nye oppgåver og ei positiv utfordring med å ha meir ansvar på HT. Eg gler meg til å jobba vidare med å drifte, tilrettelegge og forma tilboda på Hardanger Trening.

Har du eit motto? Eg seier som Pippi: Det har eg ikkje gjort før, så det får eg sikkert til!

Kontaktinfo: anette@hardangertrening.no

Vil du bli medlem ?

Her kan du enkelt bli medlem på Hardanger Trening

Bli medlem