Meny

Me har ei spennande nyhende: Kåre Andre Lisund vil tilby Ashtanga-yogatimar hos oss!

Kåre er utdanna i klassisk yoga hos June Mitchell i Perth, Skottland, og praktiserer hovudsakleg Ashtanga yoga – ein dynamisk og energigjevande form for yoga. Han har også vore medlem på treningssenter i Bergen i mange år og er godt kjent med ulike treningskonsept som mellom anna YOGA STERK og SMIDIG, POMP, BOSU og spinning, og til dagleg jobbar han med havvind som ingeniør i Equinor. Han og Åse flytta til Kvam i fjor, og stortrivst her.

Kåre seier sjølv at han er ein vanleg mann som likar at yoga gjer han sterkare og meir rørleg, og at han set pris på kjensla av ro øvingane gir. Han underviser yoga andre stader, mellom i Holmsund om sommarhalvåret og håpar sjølvsagt at endå fleire vert med her på Hardanger Trening i haust- og vinterhalvåret

Me inviterer til Demo-time for instruktørar og medlemmer:

Onsdag 3. desember

Kl. 19.20

Pris: Medlemmer kr 0.- (inkludert i medlemskapet)

Gjester kr 220.- (Drop in time kjøpes på nett)

Kjempekjekt om mange blir med – både for å prøve ASHTANGA YOGA og sjølvsagt verta kjent med Kåre som instruktør



Kva er Ashtanga yoga?

Ashtanga yoga er ein dynamisk og energigjevande yogaform som passar for både nybyrjarar og erfarne. Du går gjennom ei serie med stillingar i takt med pusten, som styrkar kroppen, aukar fleksibiliteten og gir betre balanse. Samstundes får du ein kjensle av ro og konsentrasjon – perfekt både for kropp og sinn. Du vil gå frå ein Ashtanga time med ei kjensle av at du har trent heile kroppen.

Kvifor meir YOGA?

Yoga er generelt svært populært i resten av landet, og interessa aukar også her. Det blir spennande å sjå om ein heilt ny yogaform vil slå an her hos oss.

ASHTANGA YOGA

Energi – styrke – ro

Ashtanga yoga passar for alle – du treng ikkje vere mjuk eller erfaren.

Prøv noko nytt, kjenn flyten, og opplev kor godt det gjer både kropp og sinn. Høver for både menn og kvinner

Velkommen!





Vil du bli medlem ?

Her kan du enkelt bli medlem på Hardanger Trening

Bli medlem