Nyheiter

HURRA – T-SKJORTENE ER KLARE!

No er endeleg Jamt og trutt 2026-T-skjortene ferdig trykte og klare til henting hos MXSPORT Øystese!

Dette gjeld deg som har klart kravet om minst 2 treningsøkter i 14 av 18 veker, og som har levert skjema og bestilt T-skjorte via linken i appen.

Gratulerer med innsatsen! Ber T-skjorta med stoltheit – du har verkeleg fortent ho!

JAMT OG TRUTT – gode vanar gir stor effekt!

Publisert

Et vanleg mat og kjenn deg bra i eigen kropp

Trine Dahlmo-metoden – vanleg mat, ekte resultat !

I denne metoden et du heilt vanleg mat – utan kaloriteljing – med fokus på stabilt blodsukker. Me vekslar mellom karbohydratrike og feitrike måltid, noko som støttar naturleg vektreduksjon og bevara muskelmassen.

Når kroppen får rett næring, får du betre energi, mettheit og ein kropp som jobbar med deg – sjølv utan trening.

Mange opplever:
• Ro og matglede
• Langvarig mettheit
• Betre hormonbalanse
• God søvn
• Stabil vektkontroll

Friheit til å eta vanleg mat og kjenna deg bra i eigen kropp ?

Vil du prøva sjølv? Meld deg på kurs i Norheimsund her https://trinedahlmo.no/hardanger-trening/

Publisert
Oppdatert

Spray på kluten, ikkje direkte på treningsutstyret

Spray på kluten ved reingjering av treningsutstyr. IKKJE spray direkte på matter eller treningsutstyr.

Visste du forresten at ein tørr microfiberklut også fjernar bakteriar...

Overdreven bruk av såpe og vatn kan dessverre gjere skade på treningsutstyret.

PS. Det er fortsatt eit godt hygiene og smittervernstiltak å vaske seg på hendene både når ein kjem og før ein går.

Publisert
Oppdatert

Treningsrettleiing ved oppstart

NYE medlemmer har inkludert ein oppstartstime til treningsprogram i apparat rommet. Du som er heilt NY på senteret bestiller deg time til treningsrettleiing med PT, fysioterapeut eller inspirator i timeplanen.

Ein Pt eller fysioterapeut har utvida fagkompetanse og kan skreddarsy eit treningsprogram til deg. Me anbefaler gjerne oppstart med fysioterapeut dersom du har ein del vondtar du må ta hensyn til.

Inspirator kan hjelpe deg i gang med standard oppstarts program for styrketrening. Dette programmet høver for mange og er utvikla i samarbeid med fysioterapeut og PT.

Ynskjer du treningsrettleiing utover oppstartstimen anbefaler me kjøp av timar med Pt eller fysioterapeut.

Ein time treningsrettleiing ved oppstart er inkludert i alle våre løpande medlemskap (ikkje gjestemedlem eller Xpress Øystese.

MERK avbestilling må skje seinast 24 timar før timen din. Avbestilling etter fristen koster 694.-

Publisert
Oppdatert

Bruk sko i apparatrommet

Me minner om at for di sikkerheit er det påbudt med reine og egna sko til trening i apparat rommet.

Egna sko kan også auke treningseffekten både for sykling, løping og styrketrening. Vel dei rette skoa for aktiviteten din! Treningssko til treningssenteret gir deg optimal stabilitet og sørgjer for at du minimerer risikoen for skadar.

Publisert
Oppdatert