Meny

Treningsrettleiing med Sondre Solberg

Sondre Solberg har ein bachelor i fysioterapi, men er per no i turnusteneste i eit år for å bli autorisert som fysioterapeut. Han praktiserer i 6 månadar ved Kysthospitalet i Hagavik knytt til ortopedi med hovudvekt av hofte-/kneprotesar og ryggoperasjonar, samt FAI syndrom og andre hoftelidingar. Frå og med 15. februar skal han arbeide i kommunehelsetenesta i Kvam Herad i 6 månadar. I tillegg er han nyleg begynt i ein stilling i Norsk Golfforbund som klassifisør knytt til para-golf der han skal jobbe med utøvarar med ulike handicap, og har kunnskap om fysiske føresetnadar i golfsvingen. Sondre har også erfaring frå Brann Akademiet knytt til prestasjonsfremjing, førebygging og rehabilitering av unge idrettsutøvarar på høgt nivå. Samtidig har han også jobba som gruppeinstruktør ved Tonus fysioterapi og trening knytt til helsefremming for "normalbefolkninga".

Målet til Sondre er å rettleia og bidra til å auke kompetansen hjå den enkelte slik at ein kan ta i bruk eigne ressursar for å nå måla sine.

Målgruppe: Idrettslag med teori og praktisk føredrag, både for trenarar og spelarar (kan tilpassast). Personar som vil kome i gong med trening som ynskjer individuelle råd, og eventuelt oppfølging. Aktive som ynskjer å optimalisere treningskvardagen. Mindre skadar ift. rehabilitering tilbake til idrett eller arbeid. (Ved større operasjonar/skadar skal ein gå til lege eller autorisert fysioterapeut for å vurdere omfang).

Ynskjer du time til treningsrettleiing med Sondre Solberg? Kontakt oss på tlf 56 55 72 00 (10 -14) eller send epost til post@hardangertrening.no

Medlemspris er 495.- pr time

Pris ikkje medlem 695.- pr time





Vil du bli medlem ?

Her kan du enkelt bli medlem på Hardanger Trening

Bli medlem