Meny

Bli med oss på magiske opplevingar i Piemonte

Januar 2020 kjøpte sentereigar Eve og mannen hennar Knut eit falleferdig hus i Piemonte. Dei siste 3 åra har dei jobba iherdig med å forvandla plassen til det som no er VILLA MADONNA.

Villa Madonna er i dag kursplass for fleire av Trine Dahlmo sine utdanningar samt reisemål for mindre grupper 6 - 8 personar som ynskjer seg aktive og minnerike opplevingar i vakre Piemonte, Italia. Snart vert det også turar for våre kjære medlemmer på Hardanger Trening.

Villa Madonna ligg på ein bakketopp med utsikt over vingardar og på klåre dagar utsikt til dei majestetiske Alpane.

Her kan du nyte roen, kose deg med med turar til fots eller på elsykkel, bli med på YOGA, ta deg ein dukkert i bassenget og ikkje minst nyt god mat og vin. Eigedomen er landlig men ligg likevel sentralt, berre 12 km frå Asti, 2,7 mil frå Alba, 7 mil frå Torino og 12 mil frå Genova.

Eigedomen egner seg også for familiar, inntil 11 personar, det er 5 soverom, stor hage og eige basseng.

Villa Madonna har romsleg uteplass, både i sola og skygge for dei som ynskjer det

Nyt lokale råvarer, god mat og vin

YOGA i soloppgang er ei flott oppleving

Bassenget kjøler på varme dagar og utsikten gjer deilig ro

Romsleg og praktisk kjøkken for hyggjelege stunder med matlaging. Spisebordet kan utvidast så det høver for opp til 12 personar.

Lyse trivelige soverom med enkel eller dobbelseng etter ynskje. Utsikt over hage og bølgande vinmarker.

Fleire av soveromma har den tradisjonelle sjarmerande bua velvinga i taket

Romslege, sjarmerande og moderne bad

Og så var det denne utsikten....

Utsikten frå spiseplassen på sørsida

Eit solid langbord med plass til mange flotte folk og lys i pergolaen, så er det ekstra fest stemning på lune kveldar

Nyt solnedgangen med utsikten frå nordsida av huset


På klåre dagar ser du Alpene og mellom anna majestetiske Mt Monviso

Loftsstova vert brukt til både undervisning, stove og treningsrom

Me er stolte vertar av Trine Dahlmo akademiet sine kurs

Utsikt frå trening- og undervisningsrommet

Bli med på nydelege turar i nærområdet

Er ein heldig å treffe på vinbonden, så får ein alltid smake på Barbera druene


Solhelsing i soloppgang


PÅ varme dagar kan du ta deg "a swim with a view"

Vil du bli medlem ?

Her kan du enkelt bli medlem på Hardanger Trening

Bli medlem