Gruppetrening er både morosamt, sosialt og effektivt. Vårt mål er å tilby gruppetrening der trenings-gleda står høgt i kurs.
Me har mange ulike gruppetimer med forskjellig innhald av mellom anna styrke, kondisjon, balanse, tøye og rørsle-trening. Me har tilbod enten du vil trene deg STERKARE, få betre BALANSE, verta SMIDIGARE, auka KONDISJONen din, DANSA deg svett og GLA eller du vil finne ROEN. Me har timar for deg som er heilt ny, for deg trener litt eller mykje. Spør oss gjerne om kva som høver best for deg og dine behov.
5 gode grunnar for gruppetrening
Du treng ikkje vera noko treningsekspert for å trene i gruppe, det einaste DU må gjere er å stille til timen. Instruktøren motiverer og rettleier deg for ei god treningsøkt.