Me deler historia til Anette fordi ho viser noko viktig: at styrke ikkje kjem av perfekte forhold – men av tålmod, vilje og det å ikkje gi seg. Fordi dette er det trening eigentleg handlar om – å bygge seg opp igjen, litt og litt, til kroppen faktisk tåler livet.

Frå smerter til styrke – og snart Hyrox konkurranse i Oslo
Anette fortel: "Våren 2024 blei eg operert i ryggen etter lang tid med smerter som påverka både kvardagen og treninga. Etter operasjonen brukte eg mykje tid på å bygge meg opp igjen, men kroppen spelte ikkje heilt på lag – armene og brystryggen gjorde framleis vondt, og eg måtte ta nye runder med tilpassing og tålmodig opptrening. Våren 2025 kom neste kapittel: operasjon i begge handledd på grunn av store smerter. Endå ein gong måtte eg starte på nytt, litt svakare enn før, men med eit mål om å kome sterkare tilbake. Saman med fysioterapeut har eg brukt det siste året på å bygge eit meir robust karosseri – ei kropp som tåler større belastning, meir trening og ein sterkare motor. Steg for steg har vi jobba med styrke, stabilitet og uthald, og sakte men sikkert har eg kjent at kroppen faktisk held. At den tåler. At den kan. Og no, i september, står eg klar til å delta på Hyrox-konkurransen i Oslo. For meg er dette meir enn ein konkurranse. Det er eit bevis på at tålmodig, tilpassa trening fungerer. At du kan kome tilbake etter motgang. At du kan bli sterkare, meir uthaldande og meir robust – sjølv om vegen dit ikkje er rett fram. Det handlar ikkje om å vere best. Det handlar om å ikkje gi seg. Om å bygge ein kropp som varer. Om å stole på prosessen. Og om å feire kvar einaste meter du klarar å gå – også dei som går sakte. Du kan hvis du vil!"
Anette stiller i HYROX Oslo 25.–27. september – me er skikkeleg imponert over det ho har fått til gjennom alle oppoverbakkar; ho er ein inspirasjon for oss alle, og me heiar på henne heile vegen!
Kva er HYROX – og kvifor er det så rått?
HYROX er ein konkurranse som kombinerer kondisjon og styrke på ein heilt unik måte. Du spring totalt 8 km – delt opp i 1 km om gongen – og mellom kvar løpsdel gjer du ein ny styrke-/arbeidsøkt.
Det betyr:
Løp → styrke → løp → styrke… heilt til mål.
Øvingane er funksjonelle og krev både kraft, uthald og vilje:
sled push, sled pull, roing, farmers carry, burpees, wall balls m.m.
Det som gjer HYROX spesielt er at:
– det er same oppsett for alle
– du konkurrerer mot deg sjølv like mykje som andre
– det passar både for nybegynnarar og godt trente (du vel nivå)
For Anette handlar dette ikkje berre om ein konkurranse.
Det handlar om å ha bygd ein kropp som tåler belastning igjen – og som faktisk kan prestere.
Og det er nettopp det HYROX testar:
Kor robust du er. Kor lenge du held. Kor mykje du faktisk klarar.
HYROX – for alle, på vår måte
På Hardanger Trening har me eigne HYROX-inspirerte timar – utvikla av PT Anette, i samarbeid med PT Elena, fysio Carina og senterleiar Eve.
Dette er timar som kombinerer kondisjon og styrke på ein smart og tilpassa måte, slik at alle kan vere med, uansett nivå og utgangspunkt.
Det som gjer desse timane heilt spesielle, er kompetansen bak.
Anette si eiga erfaring med sjukdom, opptrening og det å bygge seg opp igjen – kombinert med solid fagleg tyngde – gjer henne spesielt godt egna til å leie denne typen trening.
Ho tilpassar øvingane med lettheit, justerer belastning og intensitet, og sørgjer for at du får ei økt som både utfordrar og byggjer deg opp.
Me har hatt fokus på å utvikla eit konsept som tek vare på både prestasjon og helse.
Dette handlar ikkje om å vere best.
Det handlar om å bli sterkare – der du er, med det du har.
Dette semesteret er det timen PROGRESSIV SIRKEL som gjeld!
Meld deg på – dette er timen som faktisk gjer deg sterkare, ikkje berre svett:-)