NYHEIT nr 1 i vinter SØNDAGAR kl 18.00

HYROX/CrossFit-inspirert spesialtime, der me kombinerer styrke, kondisjon og tempo i ei energifylt økt. Øvingane vert inspirerte av funksjonell trening og kan til dømes vere:
Kva er HYROX?
HYROX er ein treningsform som kombinerer løping og funksjonell styrketrening. Det handlar om å trene både uthald og styrke i same økt – inspirert av konkurransar der ein vekslar mellom løp og øvingar som roing, markløft, utfall og burpees. Det gir ei variert, effektiv og morosam trening for heile kroppen!
Som personleg trenarar (PT) legg me opp timen slik at alle kan vere med, uansett nivå – du tilpassar intensiteten etter ditt eige utgangspunkt.
Det vert garantert moro, lærerikt og litt svette!
Kva seier du – er du klare for ei litt annleis økt?
Instruktørar: Anette Tyssebotn (vikar Elena Netenland)
NYHEIT nr 2 i vinter: MANDAGAR kl 18.00

Stram Opp – timen som gir deg styrke frå topp til tå!
Bli med på ei effektiv økt der me kombinerer øvingar med eigen kroppsvekt, ulike strikk og/eller lette til moderate vekter. Dette er funksjonell trening som styrkjer kjernemuskulaturen, gir deg betre balanse, strammar opp kroppen, og gir deg ein betre kvardag.
Kom og bli med på ei økt som både løftar humøret og strammar opp kroppen!
Instruktør: Jane Larsen
NYHEIT nr 3 i vinter: ONSDAGAR kl 19.15

Ashtanga yoga er ein dynamisk og energigjevande yogaform som passar for både nybyrjarar og erfarne. Du går gjennom ei serie med stillingar i takt med pusten, som styrkar kroppen, aukar fleksibiliteten og gir betre balanse. Samstundes får du ein kjensle av ro og konsentrasjon – perfekt både for kropp og sinn.
På denne timen trener ein gjerne berrføtt, om ein vil. Du kan ta med eiga matte eller bruke våre matter.
Instruktør: Kåre-Andre Lisund