Hei!
Så kjekt at du har valt å trena hos oss 

Me ønskjer at du skal trivast, unngå skadar og få best mogleg utbytte av treninga di.
For å gi deg ein god start, er det obligatorisk med eit oppstartsmøte med personleg trenar (PT) når du byrjar hjå oss i Norheimsund.
Dersom du ikkje allereie har hatt time, ta kontakt med ein PT for å avtala tidspunkt – helst innan 14 dagar etter at du er innmeldt.
Om du ikkje avtalar time, vert medlemskapet mellombels sett på pause til møtet er gjennomført.
Oppstartsmøtet er inkludert i dei fleste medlemskap (verdi kr 694,-)
Me gler oss til å sjå deg og hjelpe deg i gang med treninga!
Avtal tid med ein av våre PT-ar:
Anette Tyssebotn – anette@hardangertrening.no
Elena Neteland – elena@hardangertrening.no
Velkomen til Hardanger Trening – her byrjar treningsreisa di!
NB! Avbestilling av oppstartstime/PT-time
Om du ikkje kan møta til avtalt oppstartstime/PT-time, må timen avbestillast seinast 24 timar før.
Ved seinare avbestilling eller manglande oppmøte vert timen fakturert (kr 694).
Dette fordi timen då er reservert til deg, og PT-en ofte kjem eige ærend til Hardanger Trening for å gjennomføra timen, slik at det er vanskeleg å gje timen vidare til andre på kort varsel.